Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Kirsti Bremer Fjær Tema 14. januar 2015

Andrej Makine – Ein prisverdig russer

Nokon seier at han er i Nobel-klassen. Den russiske forfattaren Andrej Makine skriv sterkt. Særleg i boka om ungdomstid i Sovjet.

Tekst: Kirsti Bremer Fjær/Foto: Penguin

For nokre år sidan las eg fleire bøker av den fransk-russiske forfattaren Andrej Makine og vart svært betatt. For eit språk! For ein forteljar! Ikkje mange kjenner denne forfattaren, og eg vil gjerne gjera mitt for å spre ordet om han.

Andrei_Makine

Forfatter Andrej Makine. Foto: Murielle Lucie Clément, hu.wikipedia.org

Den boka som gjorde mest inntrykk var: Kjærlighet ved elven Amur (den åttande største elva i verda).

Det iskalde, eksotiske Sibir

Vi er langt inne i det iskalde Sibir der tre kameratar i tenåra har ein tøff kvardag. Alle tre har berre ein forelder. Mitja, forteljaren, bur hjå ei tante, men lengtar til Vesten og drøymer om vestlege jenter.

Men hans først oppleving med den lokale prostituerte gjer han djupt ulukkelig. Samtidig tykkjer han kameratane Samurai og Utkin er nokre uerfarne ungar.

Mitja skjønar etter kvart at han er ein vakker gut og får lett kontakt med jenter. Utkin er den mest uheldige i så måte. Han har skadar etter å ha fått fleire isblokker over seg. Han haltar og har ei skeiv skulder. Jentene er først moderlege og medfølande, men gløymer han snart for gutar utan handikap. Mitja ser blikket til kameraten bli fylt av sjalusi, hat og fortviling.

Med tog mot elva Amur

makine2Kameratane byrjar å overnatta i tomme togvogner. Ei natt vaknar dei av at toget har byrja køyra. Etter den først forskrekkinga, finn dei ut at dette kan bli eit eventyr.

Her er tildels mykje erotikk, men det er vennskapet som eg synes gjer mest inntrykk, spesielt det mellom Mitja og den handikapa kameraten. Mitja ser det vonde han strevar med, og har omsorg og medkjensle med kameraten.

Naturskildringar

Eg kan mest ikkje hugsa maken til flotte naturskildringar. Det er som om vi lever med i det kalde klimaet, den barske naturen, all snøen, dei førti minusgradene. For oss er dette eksotisk, for dei tre kameratane er det Vesten som er det. Språket er intenst og vakkert, på grensa til det sentimentale, «a bit to much», men det kler den ungdommelege gløden til desse tre ungdomane.

I bakgrunnen av hendingane skriv Makine litt om politikk i Sovjet, der alt skal vera til nytte for noko, medan ein i Vesten ikkje treng å tenkja på det. Vi får også høyre litt om ein fangeleir i nærleiken, men ikkje mykje om det politiske Sovjet.

Forfattaren

Andre Makine er født i Russland. I 1987 flytta han til Frankrike. Dei to første bøkene vart lite påakta. Men den fjerde, Det franske testamente, fekk mange prestestisjetunge prisar.

Eg har lesi fleire bøker av Makine og språket gjer sterkt inntrykk. Nokon har nemd at det er i Nobel-klassen. Eg likar òg Et livs musikk veldig godt.

Kjærlighet ved elven Amur er Makine sin tredje bok. Den hadde og fortent nokre prisar!

Én kommentar til “Andrej Makine – Ein prisverdig russer”

  1. Ellen Lilleeng sier:

    Jeg er såå enig,dette er en fantastisk forfatter.Jeg har nettopp lest Et livs musikk og Det franske testamentet. Vil bare ta vare på de flotte stemningene og naturskildringene, kan ikke huske å ha lest noe så flott!
    Prøver forgjeves å få tak i hans siste bok som kom i januar 2019:
    Au delas des frontieres. Tenkte å prøve meg på både den franske og den norske utgaven. Ingen av dem er kommet ut i Norge ennå.
    Mvh Ellen Lilleeng, Veeldig frankofil!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.