Abonner på nettstedet via epost

Oppgi din epost-adresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via epost.


Anmeldelse bråtveit

Published on november 12th, 2015 | by Katrine Judit Urke

0

Stille litterær leik på motorveg

150 år etter Lewis Carrolls Alice i Eventyrland utkom for første gang, har Inger Bråtveit henta med seg Alice på ein måte berre ho kan gjere.

Tekst: Katrine Judit Urke/Foto: Aschehoug, Oktober og Pernille Marie Walvik

alice i eventyrland

Alice i Eventyrland, her ved ei norske utgåve vakkert illustrert av Tove Jansson.

I ein forstad i Tyskland bur tenåringsjenta Alice som føler seg fanga blant asfalt og boligblokker, men som samstundes er knytta til omverda via det tyske mortorveisystemet Autobahn. Hovudpersonen i Inger Bråtveits ferske utgiving Alice A4 møter så ein vaksen mann på eit omreisande tivoli. Mannen fattar interesse for ungjenta, og dei blir kjærastar. Han tar med Alice på køyreturar ut av byen, men Alice kjem alltid heim igjen til mora og søstera.

Mange rare folk og dyr
Mora til Alice kan minne om mødre Inger Bråtveit har introdusert oss for tidlegare – ein bitter, kjederøykande fabrikkarbeidar som gjer så godt ho kan, og som ønsker å behalde kontrollen over jentene sine. Alice merker i tillegg ei slags dragning mot røtene sine som Bråtveit viser til som faktiske røter frå tre. Det er i det heile mange fargerike språklege bilete i boka, mykje frå undersjøiske landskap og tre og røter, i tillegg til element vi hugsar frå Alice i Eventyrland. Wonderland, altså det engelske namnet på Eventyrland, nemnast mange gongar, og vi støter på kaniner, sjakkspel, eple, kortstokkar, nøklar og hol å falle ned i. I tillegg spelar «Tåresjøen» ei stor rolle; Bråtveit refererer her til overfløyminga Alice i originalforteljinga lagar med sine eigne tårer, og det er i denne sjøen det undersjøiske landskapet i Alice A4 trer fram.

Ungt blikk
Likevel er ikkje dette verken nokon slags fantasyroman eller nokon gjen- eller vidarediktning av Alice i Eventyrland. I sin førre roman, Siss og Unn, henta Inger Bråtveit inspirasjon til ungjentbråtveitene sine frå Tarjei Vesaas’ Is-slottet utan å knytte karakterane noko særskilt opp til «originalromanen». Det blir på same måte i Alice A4: Bråtveit har skrive ei forteljing om ei ungjente med mykje til felles med Lewis Carrolls Alice, utan at det betyr at det er same jenta. Men ei ung jente er Alice i alle fall. Det er hennar auge på verda vi ser gjennom, noko som tydeleggjerast mellom anna i ei naiv skildring av eit besøk hjå ei spåkone på det omreisande tivoliet. Bråtveit unnlet her å skrive direkte at spåkona driver med kaffegrut-spåing og handlesing, men fortel i staden på elegant vis alt som skjer i detalj:

«Eg minnest korleis ho, bestemd, tok tak i armen min. Korleis ho la handa mi på bordet, opna henne og byrja å snakka til meg som las ho opp frå ei bok. Viljen er ein bein veg, men du må læra deg å styra han. Det er mange smålinjer inni her, og dei kryssar seg. […] Spåkona sleppte handa mi, og tok tak i kaffikoppen på bordet. Ho vippa koppen framover, lèt kaffirestane danna eit mønster av svarte sprekker mot det kvite porselenet. Det var eit intrikat system, men spåkona las av: Det er ein mann. Han kjem til å verta viktig. Be-tyd-nings-full, sa kona med vekt på kvar staving, som las ho av ein kode frå eit komplisert morseapparat.» (s. 13–14)

Av og til er det som om både poenga og handlinga gjentakast, men Bråtveits eigenart ber Alice A4 fram til siste side så vidt det er.

Referanserik kjærleiksroman
I likskap med mora ønsker kjærasten, ein lunefull, vaksen mann, å få kontroll over ungjenta. Han lukkast nokså godt med det – Alice fell fullstendig for mannen, og det er dette som er hovudtematikken i boka. Vi får ei Lolita-aktig forteljing om å bli vaksen og om å miste seg sjølv i forelskinga. Romanen inneheld i tillegg til denne kjærleikshistoria både draumeliknande referanserik litteratur, white trash-kultur, nynorsk, svensk og engelsk. Eg blir alltid begeistra av språket til Bråtveit. Ikkje berre blandinga mellom ulike skriftspråk, men mBraatveit-Ingerinst like mykje miksen mellom poetisk, høgstemt, naiv og hypermoderne tone:

«Du er mi, sa du etter at eg hadde svelgt sommarskyer, plommefersken og regnbogeblodet ned. Nøkkelen ligg i handa mi, tenkte du, og granska andletet mitt. Det gjekk smooth. Det funka fett. Du jubla innvendig då du såg meg liggja der på magen med lett heva aksler.» (s. 93)

Reddande eigenart
Alice A4 
er eit underleg verk som er ført i ein penn eg tør påstå berre Inger Bråtveit har. Forfattaren vil i tillegg fortelje ei historie om ung kjærleik, kjønn og makt, men ein treng ikkje lese langt for å skjøne retninga til Bråtveit. Etter kvart går vi litt på tomgang på Autobahn. Romanen kunne hatt godt av å bli kutta litt. Av og til er det som om både poenga og handlinga gjentakast. Men Bråtveits eigenart ber Alice A4 fram til siste side så vidt det er.

Print Friendly

Tags: , , , , , ,


About the Author



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Top ↑