Søk Meny Lukk
Lukk
Av: Katrine Judit Urke Intervjuer 23. august 2020

Vis meg bokhylla di, Øystein Hauge

Poet Øystein Hauge er ein større hyllelesar enn skapdrikkar. Velkomen inn i Hauges bokheim i Hustadvika!

Tekst: Katrine Judit Urke og Øystein Hauge / Foto: Øystein Hauge

Øystein Hauge har gjennom ei årrekke jobba med ulike former for poesiformidling og har også stor erfaring frå scenesamtalar med forfattarar under litteraturfestivalar. Han er til stades i nærmare førti diktantologiar, og tekstane hans er også å finne i fleire lærebøker i skuleverket. Neste vår er han ute med ei ny diktsamling. Og Mariann Schjeide gjorde oss obs på at han er mannen bak BankID på nynorsk!

Hauge fortel med stor glede om hyllene og boksamlingane sine, både det som står i skrivestova og det som vi finn inne i huset hans i Hustadvika i Romsdalen. Poeten tar oss med på ei skikkeleg bokvandring. Velkomen skal de vere!

***

Bøkene er fordelt litt her og der rundt om i huset. I vindaugskarmen. På skrivepulten min og på golvet attmed senga. På pianoet. I bladkorga. Men elles snakker vi om to ordentlige bokhyller. Den over eine veggen i det lille skrivehuset mitt her i hagen. Den andre inne. Men dei siste to åra har eitpar hundre bøker funne vegen til loppemarknadar og den nye flotte bokkiosken på Romsdalsmuseet i Molde. Åtte-ti førsteutgåver har funne vegen til antikvariat.

Denne bokhylla har eg snikra sjøl. Kjøpt materialene nede på trevarehandelen. I overkant overdimensjonert kanskje. Men så er det også mykje tung litteratur her (latter). Her ute er det kanskje mest poesi- og kunstbøker. Med måla tregolv der eg kan sitte gode og varm i sokkelesten attmed det blå skrivebordet.

Når eg låser meg inn her hender det eg tenker på biblioteket heime på Vegårshei midt på sekstitalet og det nesten alltid nylakka tregolvet der.

Når eg låser meg inn her hender det eg tenker på biblioteket heime på Vegårshei midt på sekstitalet og det nesten alltid nylakka tregolvet der. Vi fekk gå berre i sokkelesten der, meiner eg å hugse. Det var ikkje noko Deichman akkurat. Og dei fleste bøkene var enten grøne, blå eller røde og det var noen store frimerker i permen innvendig.

Dei raude og svarte bøkene der er Moleskine-bøker eg har med meg heile tida. Ja, ei av gongen, då. Og ein gul blyantstump. Og dei må være utan linjer! Eg klarer ikkje linjerte bøker. Eg berre greier det ikkje.

Men du må bli med inn.

Denne bokhylla ser du eg ikkje har laga sjølv. Kanskje mest romanar her. Nærmare førti titlar frå «Århundrets bibliotek». Serien som De norske bokklubbene begynte med på nittitallet ein gong. Må det ha vore. Er med i ein snart trettifem år gammal boksirkel. Fem rustne herrer som kvar månad kjem saman heime hos kvarandre. Når det er min tur til å stå for vertskapet velger eg alltid frå denne serien. Fordi eg elles aldri ville ha kome gjennom heile serien. Hundre personer som sammen har valgt ut de hundre bøkene. Serien var komplett. Men ein av ungene har stukket av med til hovudstaden over halvparten av bøkene.

Enkelttitlar eg setter stor pris på i serien … La meg sjå. Georges Bernanos En landsbyprests dagbok er stor romankunst. Om å få orden på tankar og følelsar i møtet med naud og synd og der handlinga er lagt nord i Frankrike ein stad.

Og så Olaf Bull, då. Hans Samlede dikt. Marguerite Duras’ Moderato Cantabile likeså. Få andre forfattar behersker vel antydningens kunst betre enn henne. «Stillhetens språk» snakker vi jo ofte om når det kjem til Marguerite Duras.

Gabriel García Márques Hundre års ensomhet. La meg sjå. Fleire. Ernest Hemingways Noveller. Göran Tunströms Juleoratoriet. Pablo Nerudas Den store sangen. Som vi jo kjenner som eitt av hovudverka i latinamerikansk skrivekunst.

Om du kan halde på ein hemmelighet og ikkje seie det til dei andre i lesegruppa: Eg har alt lagt klar Jorge Luis Borges’ Labyrinter til dei.

Men det er så mange bøker i denne serien eg ikkje har lese. Om du kan halde på ein hemmelighet og ikkje seie det til dei andre i lesegruppa: Eg har alt lagt klar Jorge Luis Borges’ Labyrinter til dei. Det er vel ei slags novellesamling ja. Her trur eg vi skal få oss litt å bryne oss på.

Kor mange av bøkene som kjem ut i 2020 vil vi lese om hundre år? Det er jo ein grunn til at Duun og Dostojevskij er blitt klassikarar.

Eg har det ikkje med å sortere bøkene mine. Men hadde i si tid ein seksjon med bøker til forfattarar eg har hatt i scenesamtalar for litteraturfestivalar, De norske Bokklubbene osb. Skrivande menneske eg sjølvsagt har fått eit spesielt forhold til og der dei fleste bøkene inneheld personlege helsinger. Her ser du nokre av dei. Hundre år av Herbjørg Wassmo. Tegn til kjærlighet av Jan Kjærstad. Og her ei av dei første diktbøkene til Jan Erik Vold. Dikt i samling av Kolbein Falkeid. Hjulskift av Vigdis Horth, Professor Andersens natt av Dag Solstad. Julie av Anne Karin Elstad.

Kor mange av bøkene som kjem ut i 2020 vil vi lese om hundre år? Det er jo ein grunn til at Duun og Dostojevskij er blitt klassikarar.

Om eg ikkje kan kalle dei personlege vener alle, får du jo eit heilt spesielt forhold til forfattarskap du har vore nøydd til å fordjupe deg i som det du treng for å kunne halde det gåande ein time og at publikum får noko viktig ut av samtalen vår.

Her har du forresten ei eiga hylle med diktantologiar eg har fått vere med i. Det fine med å være poet er jo at forlaga frå tid til annan tar kontakt når dei skal lage litteraturens motstykke til biletkunstnaranes kollektivutstillinger.

Så lurer du sikkert på kva som er i denne skoeska her. Eg har skrive «Vi som elsket Amerika» på han. Akkurat plass til femti FIELD NOTES-bøker. Ei for kvar delstat i USA. Bøker eg bruker når eg gjer notat til reisa eg snart skal ta gjennom alle dei amerikanske statane. Planen er nemlig å skrive eitt dikt frå kvar stat. Men så oppdaga eg jo at bøkene var linjerte. Så den rundreisa der er det så langt aldri blitt noko av.

Eg har sagt før at eg nok er ein større hyllelesar enn skapdrikkar.

Elsker å gå hyllelangs med peikefingeren slik vi gjer no. Det finst skapdrikkarar. Og så finst det hyllelesarar. Eg har sagt før at eg nok er ein større hyllelesar enn skapdrikkar. Å gå med peikefingeren langs bøkene her inne. Trekke ut bøker eg kanskje har lese før og som eg får lyst til å bla litt i igjen. Før eg setter boka tilbake i hylla igjen.

Eg har også levert sangtekstar til Sputnik. Men det treng du ikkje skrive.

Og eg er jo ikkje aleine om å skrive i bøkene. Gjere notat. Kommentere. Kanskje også å skrive noko på tittelbladet. Ei mikrobokmelding. Det hender frå tid til anna eg skriv for litteraturnettstader og aviser. Om andre bøker. Eller eg noterer meg berre for eigen del. Kva er det eg har skrive her … I Annie Proulx Heart Songs: «Grenselaus skriveglede og fantasi. Forfattaren går ikkje av vegen for å dra fram historier der gamle cowboyar skjerer beina av frosne lik for å få tak i støvlene deira». (ler). Den bokanbefalinga der må då vere noko for Proulx norske forlag. For den norske utgåva.

Den bokanbefalinga der må då vere noko for Proulx norske forlag. For den norske utgåva.

God litteratur meiner eg først og framst er sjangeruavhengig. Ei god og velskrive bok innan den reine underhaldningssjangeren er jo sjølvsagt også ei god bok. Du skal få eit eksempel av meg. Denne. Broene i Madison County av Robert T. Waller. Ei søtladen kjærleikshistorie eg meir enn gjerne skryt av å ha lese både to og tre gonger. Eller i alle fall ei bok eg ikkje gøymer bort. Om fotografen Robert Kincaid som er på jobb for National Geographics for å fotografere Iowas overbygde bruer. Her hamner han på avvegar (i dobbelt forstand vil nok mange seie) og møter bondekona Fancesca Johnson. Ei bok som har rørt millioner. Eg skriv sangtekstar. Og når du skriv sangtekstar kan det vere ein stor fordel å ha lese bøker som Broene i Madison County (ler). Eg har også levert sangtekstar til Sputnik. Men det treng du ikkje skrive.

Denne er sikkert del av sjangeren underhaldningslitteratur. La meg synge deg stille sanger av Linda Olsson. Vi må då kunne koste på oss å gråte litt innimellom! 

Denne boka har eg hatt med meg gjennom mange år. Og det var gjennom Paal Helge Haugen eg møtte haikupoesien. Boka hans Blad frå ein austleg hage som kom allereie i 1965. Her ser du ei seinare utgåve. Denne er med Bokklubbens legendariske formgivar Aud Gloppen sitt bokutstyr. Smussomslaget (som eg har mista som speler på det vi kaller Japanpapir (washi eller wagami, ein type handlaga klutepapir)). Men også innanfor omslaget. Så enkelt. Så fint.

Tomas Tranströmer skreiv jo også haiku. Og han har jo skrive eitt av verdas beste dikt: «Romanska bogar». Eg seier ikkje meir om Tranströmer. Han fortel om det meste gjennom dikta sine. Men vi må ta boka hans med ut i lyset og fotograferer ho der. Han var her i Romsdal i 1999. Bjørnsonfestivalen. Der han mellom anna las frå samlinga med haikudikt eg meiner han ga ut like etterpå.

Tomas Tranströmer skreiv jo også haiku. Og han har jo skrive eitt av verdas beste dikt: «Romanska bogar». Eg seier ikkje meir om Tranströmer.

Nei. Vi kan ikkje snakke om alle bøkene. Men to til då. Tarjei Vesaas Vårnatt. Denne. Om dei to søskna Hallstein og Sissel som er aleine heime. Eg er så glad i denne boka. Eg ser eg har skrive at eg kjøpte ho i 1980. Men boka kom jo ut tidleg på femtitalet ein gong. Heilt utruleg at ein godt vaksen mann evner å leve seg inn i tankane til ein ungdom slik Vesaas gjer det her. Eg har lese boka fleire gonger.

Slik eg har gjort med novella «Kaprifolium». Johan Borgen, sjøvsagt. Ikkje berre lese to gonger. Men ei novelle eg har tatt meg tid til å lese kvar einaste sommar gjennom dei siste åra.

Men du. Vi holdt på å gløyme denne boka her. Fortegnelse over ord af almuesproget i Gjerestad og Wigarsheien. Dei to nabokomunane Gjerstad og Vegårshei (der eg er fødd og vaks opp) i indre Agder og ein historisk gjennomgang av talemålet der. Som nynorskskrivande og mållagsmedlem er eg opptatt av skriftspråket vårt. Men det er jo talemålet vi naturleg tileigner oss frå vi vert fødde som verkeleg sit i ryggmargen vår.

Ein farfar i livet og ein Fortegnelse over over af almuesproget i heimkommunen sin skulle alle hatt.

Abonner

Oppgi din e-postadresse for å abonnere på dette nettstedet og motta varsler om nye innlegg via e-post.